Meteorittar – frå rom til jord

Buzzard Coulee

Buzzard Coulee

Klassifisering: Kondritt, H4, S2, W0
Fall: 20.november 2008
Land/lokalitet: Canada, Wilton Rural Municipality, Saskatchewan
Totalmasse: ca 41 kg
Vekt på mitt eksemplar: 1,37 gram (skive)

Meteoritical Bulletin Database

Ei sterk eldkule vart observert i skumringa 20. november 2008 i Alberta, Saskatchewan og Manitoba i Canada. Eldkula, røykstripa og skuggane vart observert av fleire all-sky kamera og overvåkingskamera. Meteoriden bevega seg frå nord mot sør, med ein vinkel på omag 60°. Det vart òg registrert overlydssmell og suselydar frå enkeltmeteorittar. Smellet vart òg plukka opp av ein infralydstasjon, som estimerte sprengkrafta til om lag eit tredjedels kilotonn. Dette indikere ein opprinneleg meteoridestorleik på ca 10 tonn. Dei første meteorittane vart plukka opp frå isen på ein kunstig innsjø, og fleire hundre bitar vart plukka opp før snøen dekka til området. Nedfallsfeltet er omlag 7 km langt og har 3 km breidde.
Desse meteorittane er kjenneteikna ved at eit stort antal av dei har nokså lite utvikla ablasjonsoverflater, medan ein finn meir orienterte og ablasjonspåverka mteorittar i den andre delen av nedfallsfeltet. Mange av meteorittane har i tillegg ei fersk brotflate med lite, eller utan teikn til smelteskorpe.

Denne overvåkingsvideoen viser kor kraftig objektet lyser under siste delen av fallet.

Legg igjen en kommentar