Meteorittar – frå rom til jord

Mreïra

Mreïra

Klassifisering: Kondritt, L6, S6, W0
Fall: 16.desember 2012
Land/lokalitet: Mauretania
Totalmasse: ca 6 kg
Vekt på mitt eksemplar: 1,8 gram (individual)

Meteoritical Bulletin Database

I følge augevitne vart ei eldkule observert  på ettermiddagshimmelen 16.desember 2012. Fleire skuleungar såg eldkula eksplodere, og detonasjonslyden kunne høyast nært landsbyen Mehaires. Mange meteorittar vart funne omlag 65 km sør for Mehaires, nært Mreïra, Mauritania, nokre dagar etter hendinga. Nedfallsfeltet er i eit område kalla «Stailt Omgrain», eit lokalt nomadisk namn. Omlag 6 kilo med meteorittar med fersk smelteskorpe er funne, den største av dei på omlag 600 gram.

Legg igjen en kommentar