Meteorittar – frå rom til jord

Odessa

Odessa

Odessa

Klassifisering: Jern, IAB- MG, medium octahedrite
Funn: 1922
Land/lokalitet: Odessa, Texas, USA
Totalmasse: 1600 kg
Vekt på mitt eksemplar: 14 gram

Meteoritical Bulletin Database

Odessa meteorittkrater ligg sørvest for byen Odessa i vest-Texas. Det er i allefall lokalisert 5 ulike krater i området, og over 1500 meteorittar er funne i området rundt. Den største veg omlag 135 kg. Det største krateret er omlag 168 meter i diameter, 5 meter djupt (opprinneleg omlag 30 meter djupt), og har ein estimert alder på omlag 63.500 år. Området er no freda, og leiting etter meteorittar er ikkje lov utan særskilt løyve. Odessa er ein jernmeteoritt av type medium octahedritt.