Meteorittar – frå rom til jord

Imilac

Imilac

Imilac

Klassifisering: Pallasitt, PMG
Funn: 1822
Land/lokalitet: Atacama, Chile
Totalmasse: 920 kg
Vekt på mitt eksemplar: 1,47 gram

Meteoritical Bulletin Database

Imilac er ein pallasitt frå eit kjent strøfelt i Atacamaørkenen i Chile. Strøfeltet er omlag 8 km langt. Meteorittane er ofte kraftig forvitra, og det er kun dei største eksemplara som framleis har intakte olivinkrystallar. Ein stor del av meteorittane er såkalla Imilac skeletons, og består av kun eit metallskjelett der alle olivinkrystallane er forvitra bort. Mitt eksemplar av Imilac er av denne typen.