Meteorittar – frå rom til jord

Franconia

Franconia

Franconia

Klassifisering: Kondritt, H5, S3, W2
Funn: 2002
Land/lokalitet: USA, Mojave (Arizona)
Totalmasse: ca 100 kg
Vekt på mitt eksemplar: 155,8 gram (endcut)

Meteoritical Bulletin Database

Den første Franconia-meteoritten, med vekt på 4.75 kg, vart funnen i eit uttørka elveleie i 2002 ved hjelp av metalldetektor. Ei stund etter vart det uavhengig funne fleire andre meteorittar i ein 10 km radius rundt lokaliteten for det første funnet, og ein har såleis definert dette som eit strøfelt/nedslagsfelt. Strøfeltet har i seinare tid blitt utvida til eit 5x16km elipseforma område. Området innheld nokså mykje «hot rocks», dvs steinar som på grunn av jerninnhald og oksidering gjev utslag på detektoren utan å vere meteoritt. Det er funne fleire ulike klassifiseringar i samme strøfeltet, noko som kan antyde at vi har hatt fleire meteorittfall i dette området. Det er mellom anna funnen reine jernmeteorittar i samme området. Men det kan òg skuldast at meteoriden har hatt fleire ulike petrografiske inndelingar.

Franconia

Franconia

 

Legg igjen en kommentar