Meteorittar – frå rom til jord

Shatter Cone

Shatter cone er strukturar i berggrunnen som vitnar om ei enorm trykkbølge i høve nedslag av større asteroidar. Kompresjonskreftene i nedslaget vert rett og slett så sterke at det fører til fysiske strukturendringar i bergartane (og då reknar vi sjølvsagt ikkje med dei milliardar tonn med stein som som vert pulverisert, knust og fordampa).

Shatter cone viser ei tydeleg retning på sjokkbølga, der ein ser ei tydeleg utstrålingsretning. Ein finn ofte slike stukurar i nærleiken av meteorittkrater.