Meteorittar – frå rom til jord

Mundrabilla

Mundrabilla

Klassifisering: Jern, IAB-ung, medium octahedrite
Funn: 1911
Land/lokalitet: Australia
Totalmasse: ca 24 tonn
Vekt på mitt eksemplar: 10,69 gram

Meteoritical Bulletin Database

Delar av jernmeteoritten Mundrabilla vart funnen i Australia i 1911, og den største massa (funnen i 1966) er på heile 10 tonn.  Denne meteoritten låg omlag 180 meter unna ein annan kjempe på over 5,5 tonn. Total kjent masse er på omlag 24 tonn, noko som gjere Mundrabilla til eit av dei største funna vi kjenner til. Området  innheld ei stor mengde med mindre fragment i ulike storleikar, og dei fleste fragmenta har flotte former.

Legg igjen en kommentar