Meteorittar – frå rom til jord

Agoudal

Agoudal

Agoudal

Agoudal

Klassifisering: Jern, IIAB, coarse octahedrite, W1
Funn: 2000
Land/lokalitet: Marokko, Agoudal (High Atlas Mountains)
Totalmasse: >100 kg
Vekt på mitt eksemplar: 30,23 gram & 14,64 gram (slipt).

Meteoritical Bulletin Database

Historie: To små jernfragment vart samla inn i 2000 i Agoudal-området i Marokko, og selt til turistar. I september 2001 vart ein jernklump selt til ein forhandlar i Errich, som raskt kjente denne igjen som ein jernmeteoritt. I løpet av dei siste månadane i 2012 vart det systematisk leiting i regi av metorittleitarar med metalldetektorar, og dette resulterte i eit stort antal med meteorittar, hovudsakleg av liten storleik. Mange delar vart samla frå overflata, eller eit par cm nedgravd. Den største meteoritten vog omlag 60kg, og var begravd 50cm under overflata. Strøfeltet til dette nedfallet er ikkje enno tilstrekkeleg kartlagt.

Fysiske trekk: Totalmasse for nedfallet er over 100 kg. Hundrevis av små meteorittar (1-100 gr), mange i storleiksorden 100-1000 gr, og nokre få eksemplar over kiloen har blitt samla inn. Hovudmengda er omlag 2-5cm store, og er hovudsakleg irregulære splintdelar, dei fleste med ei tynn forvitringsskorpe (patina). Nokre små cm-store meteorittar er runde i forma, med velutvikla smelteskorpe.

Kjemisk oppbygging: (C. Herd and G. Chen, UAb): ICP-MS data, Ni 5.5 wt%, Co 4.1 mg/g, Ga 58 μg/g, Ir < 0.04 μg/g og Au ~ 1 μg/g.

Agoudal

Agoudal

Agoudal

Agoudal

Dette eksemplaret viser tydelege Neumann-liner, matte kamasittområder, og med original brunoksidert patina.

Legg igjen en kommentar