Meteorittar – frå rom til jord

Tidlegare funn

Størst sjanse for å finne meteorittar har du ved å leite i områder der det tidlegare har falle ned meteorittar. Dette fordi meteorittane ofte delar seg opp på sin ferd gjennom atmosfæren pga stor påkjenning (veldig rask oppbremsing). Likevel; fuktighet kombinert med frostspreng, samt mykje vegetasjon gjer det vanskeleg å finne noko sjølv i slike områder. Kontrastskildnaden vert for liten, og meteoritten druknar blant millionvis av stein med liknande farge og form.

Leiting på Strynefjellet

Leiting på Strynefjellet ein vakker sommardag i juli.

Her i landet har vi eit utfordrande klima, med mykje nedbør, frostspeng og forvitring. Enkelte typar meteorittar er meir motstandsdyktig mot forvitring enn andre, men generelt sett vil ev. metorittar ein finn ha gått gjennom nokså kraftige forvitringprosessar.

Historiske kjelder
Dei fleste meteorittfunn i Noreg har i meir eller mindre grad dokumentert. Denne dokumentasjonen kan likevel vere både mangelfull og tildels feilaktig. Difor bør ein alltid forsøke å gå tilbake til dei eldste kjeldene. Det beste er å snakke med personane som fann meteoritten, og gjerne få tilsendt bilete/kartreferansar. Koordinatane som vert oppgitt i rapportar og i meteorittdatabasar kan ofte bomme på fleire kilometer, så her gjeld det å vere oppmerksam.