Meteorittar – frå rom til jord

Ferske fall

Terminologien meteorittfall vert brukt om dei tilfella der sjølve nedfallet av meteoritten vert observert, enten ved hjelp av augevitne eller kamerastasjonar. Dersom ein finn ein meteoritt som det ikkje eksisterer beretningar om, så er det eit meteorittfunn, td ved generell leiting.
Ferske meteorittfall er svært interessante. Her har vi nemleg høve til å studere heilt ferske meteorittar, som i svært liten grad er påverka av forvitringsprosessar på jorda. Vitenskapleg har meteorittfall stor verdi, då ein får tilgang på ferskt materiale, gjerne òg med relevant magnetisk informasjon.

Bomtur eller suksess?
Men korleis går ein fram når ein skal leite etter ferske fall? I kva tilfeller er det verdt å legge ut på turen, og når bør du droppe tanken om å finne noko?
Meteorsvermar og små sporadiske meteorar produserer normalt ikkje meteorittar. Dei innheld kun små støvkorn, is og fragment frå komethalar, og desse brenn alle fullstendig opp i atmosfæren. Fragmenta har høg hastighet, og brenn stort sett opp i løpet av eit sekund. Eit unntak kan vere meteorsvermen Geminidane, som har opphav i ein asteroide. Dette er ein sverm som potensielt sett kan vere i stand til å danne meteorittar. Men generelt sett er meteorsvermar best som visuelt show på himmelen.

Store eldkuler som er synleg i meir enn 6-7 sekund er stort sett romsøppel som brenn opp i atmosfæren. Desse har lågare hastighet enn meteorar generelt. Unntaket kan vere «earthgrazers», som er objekt som kjem inn i atmosfæren i ein svært lav vinkel. Desse meteorane går gjennom atmosfæren, og klarer av og til å kome seg ut på andre sida. Dei sneier dermed kun innom atmosfæren. Earthgrazers kan ofte bruke meir enn 10 sekund på denne ferda. Det er eit flott syn, men produserer ikkje meteorittar.

Ekstremt sterke eldkuler som eksploderer i løpet av kort tid er heller ikkje så lovandes for produksjon av meteorittar. Dette skuldast at oppbremsinga skjer så raskt at objektet nærast vert pulverisert i atmosfæren og fordampar fullstendig bort eller vert til mikroskopisk støv.

Overlydssmell
Ein viktig indikasjon på at vi truleg står overfor eit meteorittfall, er registrering av overlydssmell («sonic boom»). Høyrer du om personar som har høyrt slike smell, enten enkeltsmell eller som ei romling av fleire lydar, så er det svært stort sannsynlegheit for at noko har ramla ned. Dette kan vi seie nokså sikkert, fordi ein treng luft som medium for å spreie lyden. Og når objektet har overlevd så langt ned at det vert produsert eit overlydssmell, så har objektet òg fått redusert hastigheten så mykje (pga friksjonen i atmosfæren) at det ikkje lenger skjer smelting/ablasjon. Ein kan òg seie det på denne måten; dersom meteoren detonerer over eit bebudd område, og dei som bur der ikkje registrerer overlydssmell, så er sjansen for nedfall minimal. Overlydssmell er dermed ein viktig indikator, og nesten ei forusetning for meteorittfall. Men ein kan sjølvsagt ha situasjonar der overlydssmellen ikkje vert registrert pga generelt høgt støynivå. Dette skjedde til dømes under meteorittfallet i Moss.

Dark flight
Eit viktig punkt som er verdt å merke seg ved meteorittfall, er at meteoritten kan framleis bevege seg nokså langt etter at den har slutta å sende frå seg lys. Meteoritten går då over i såkalla «dark flight», og den fell då med samme hastighet som om den skulle ha vore sluppe frå eit fly. Her er det vekta og formen på meteoritten som avgrensar hastigheten den fell i. Ein brukar ofte begrepet terminalhastighet. Dette er den maksimale hastigheten eit objekt får under fall, der jorda sin gravitasjon og luftmotstanden i atmosfæren er dei faktorane som bestemmer hastigheten. Normalt er denne 2-300 km/t. Når meteoritten går inn i dark flight, så vert luftmotstanden så stor at objektet etter nokså kort tid fell loddrett mot bakken. Ev. vindar kan såleis påverke kvar meteoritten når bakken. Normalt skjer overgangen til dark flight omlag 8-10 km over bakken, og det er dermed stor sjanse for at vinden kan gjere leitinga litt meir utfordrande. Eit lurt triks her kan vere å få tak i vindprofilar frå denne staden og dette tidspunktet.

Nål i høystakk
Sjølv om det vert registrert overlydssmell, så kan det framleis vere eit godt stykke fram til ev. første funn av meteoritten. Vi snakkar om små objekt som har ramla ned i eit forholdsvis stort område, så flaks og stort tolmodighet er nok to viktige faktorar. Første funnet er viktig, for då veit ein kva type meteoritt ein er på utkikk etter. Dersom ein finn meteoritt nr. 2, så kan ein for alvor starte med å plotte inn posisjonane på kart for å anslå eit ev. nedslagsfelt. Store meteorittar har meir masse og moment, og forflyttar seg dermed lengre enn dei mindre meteorittane.

Sikring ved funn
Om ein skulle vere heldig å finne ein fersk meteoritt frå eit observert fall, er det svært viktig å merke seg posisjonen, helst ved hjelp av GPS. Ei bør òg ta eit bilete av meteoritten på bakken før ein plukkar den opp, slik at ein har ein fysisk referanse. I tillegg bør ein unngå å ta på meteoritten med hendene. Det mest brukte er å få meteoritten over i eit stykke aluminiumsfolie, og lagre denne på ein plass med lav luftfuktighet fram til ev. analyse. Ein bør òg unngå kraftige magnetar under søk etter ferske fall, då ferske meteorittar innheld ein del viktig magnetisk informasjon som raskt blir øydelagt under påverknad av eit sterkt magnetfelt.