Meteorittar – frå rom til jord

Nedslagsbreksje/suevitt

Nedslagsbreksjer og suevittar er jordiske bergartar som vitnar om kraftige nedslagshistorier. Dei er med andre ord spor etter gamle meteorittkrater.

Nedslagsbreksjene består av ulike typar bergartar som er kitta saman i ein ny bergart, og vert ofte danna frå alt materialet som vert kasta opp og rota sammen i nedslagsprosessen. Ofte kan nedslagsbreksjene stamme frå kraterveggane.

Suevitt er ein bergart som gjerne innheld oppknuste og delvis smepta steinmasser i ein mørk matriks. Her finn ein ofte glasaktige partiklar og spor etter smelteprosessar. Suevitten dannar ei breksje, med steinfragment med skarpe kantar.