Meteorittar – frå rom til jord

Tektittar

Tektittar er små, glasaktige fragment danna ved store asteroidenedslag. Eksplosjonen kastar store mengder med smelta steinmaterale frå jorda høgt opp i atmosfæren, og dette steinmaterialet størkar så raskt at ein ikkje får danna krystallstruktur. Tektittane ramlar så ned i området rundt krateret. Mange av tektittane er fantastisk vakre, nokre består rett og slett av gjennomsiktige glasfragment med tydeleg teikn på flytestrukturar på overflata.