Meteorittar – frå rom til jord

NWA 8471

NWA 8471

NWA 8471

Klassifisering: Kondritt, karbonhaldig, CV3 H4, S1, W3
Funn: 2014
Land/lokalitet:  North West Africa, Marokko
Totalmasse: 314 gram
Vekt på mitt eksemplar: 8,56 gram (skive)

Meteoritical Bulletin Database

Ein 314 grams stein med delvis smelteskorpe vart kjøpt i Marokko  i mars 2014. Klassifikasjonen var gjort av Dr. Alan Rubin, som klassifiserte denne til å vere ei Bali subgruppe CV3 med sjokkgrad 1 og forvitringrad 3. Analyser viser at meteoritten er ein oksidert CV3 med høgt innhald av magnetitt, og lite nikkeljern. Kondrulane er store, gjennomsnittleg 900 µm i diameter. Kondrulane omfattar type 1 porfyrittisk olivin, olivinpyroksen og barred olivin. Ingen radiale pyroksenkondrular vart funne i tynnslip. Meteoritten innheld 5-10 vol% amøboide olivininklusjonar som er mellom 0.8 og 5 mm lange. Meteoritten har òg fleire kalsium-aluminium-inklusjonar.