Meteorittar – frå rom til jord

Hexa/octahedrittar

Hexahedrittar
Dette er jernmeteorittar som innheld minst nikkel i krystallstrukturen, normalt mellom 4.5% og 6.5% kamasitt. Når kamasitt krystalliserer, dannar den kubiske krystallar med seks like sider og rette vinklar (som ein terning). Denne krystallstrukturen vert òg kalla hexahedron. Dersom ein sliper og polerer ei skive av slike meteorittar, og etsar denne med salpetersyre, så kjem nokre fine linjer til syne. Desse vert kalla Neumann-linjer, og er kryssnitt gjennom tynne lamellar som er 1-10 um breie. Desse lamellane vekst på sidene av kamasittkrystallplanet. Normal er desse lamellane ikkje synlege for auget, men dersom meteoritten har gjennomgått sterkt mekanisk sjokk,vil svake soner ofte gli litt ut av posisjon parallelt med sidene på hexahedritten.

Octahedrittar
Dei fleste jernmeteorittar er octahedrittar, og innheld mellom 5 og 18% nikkel. Desse jernmeteorittane har ein flott struktur kalla Widmannstätten-mønster, som skuldast vekslande lamellar av dei ulike nikkelminerala kamasitt og taenitt. Desse minerala vert krystallisert ut av smeltemassa under sakte avkjøling over fleire millionar år. I mellomromma mellom kamasitt og taenittlamellane finn ein ofte mineralet plessitt. Meteorittane kan òg innhalde inklusjonar av troilitt og grafitt. Octahedittane har navnet sitt frå krystallstrukturen, som er eit octahedron med 8 sider.

Widmanstätten-mønsteret, som vert synleg ved etsing av polerte flater med salpetersyre, varierer mykje i breidda på lamellane. Oktahedrittane med lavast nikkelinnhald har grovast mønster (>3mm), medan dei med høgt nikkelinnhald har tynne lamellar på <0.2mm.

Legg igjen en kommentar