Meteorittar – frå rom til jord

Akondrittar

Akondrittane er kjenneteikna ved at dei manglar kondrular. I motsetning til kondrittane, så er akondrittane eit resultat av differensiering (lagdeling og smelting av større asteroidekroppar). Akondrittane har hatt eit opphav som kondrittar, men har i ettertid vorte totalt endra som følge av omsmeltingsprosessar.

Når store asteroidar med tida får tilført nok masse, vil trykk og temperatur føre til at dei indre delane av denne asteroide-/planetkroppen smeltar. Dei tyngre grunnstoffa, mellom anna jern, nikkel og tyngre sporstoff, synk innover til kjerna. Dei lettare silikatminerala legg seg ytterst som ei skorpe. Ein kan samanlikne akondrittar med dei bergartane ein finn i jorda si skorpe. Ein skil oftast mellom primitive akondrittar, marsmeteorittar, månemeteorittar og akondrittar med opphav frå større, differensierte asteroidar.

Primitive akondrittar
Acapulcoites
Lodranites
Winonaites

Marsmeteorittar
Shergottites
Nakhlites
Chassigny
ALH84001

Månemeteorittar
Nedslagsbreksjer
Basaltisk (frå «hava» på månen)

Asteroidale akondrittar
Basaltiske (HED)
-Howardites
-Euctites
-Diogenites
Angrites
Aubrites
Ueilites
Brachinites

 

Legg igjen en kommentar