Meteorittar – frå rom til jord

H-kondritt

H står for «high iron», og betyr at mellom 25-30% av  totalvekta er jern. Mellom 15 og 19% jern finnast i elementær form, medan resten er kjemisk bunden i ulike typar silikatmineral. H-kondrittane lar seg lett tiltrekke av ein magnet på grunn av sitt høge jerninnhald. Når ein kuttar opp meteoritten i skiver, vil ein kunne sjå eit tydeleg skin av metallflak sjølv på upolerte flater. Metallflaka er jevnt distribuert i meteorittmassa. H-kondrittar har ei olivinfordeling på Fa15-19.  H-kondrittar lar seg lett detektere med gode metalldetektorar, på grunn av sitt høge jerninnhald.

Eksempel på kjent H-kondritt er Franconia.