Meteorittar – frå rom til jord

L-kondritt

L står for «low iron», og betyr at mellom 20-25% av  totalvekta er jern. Med andre ord nesten like mykje som H-kondrittar. Men ulikskapen her er at kun mellom 1 og 1o% jern finnast i elementær form, medan resten er kjemisk bunden i ulike typar silikatmineral. L-kondrittane lar seg ikkje like lett tiltrekke av ein magnet som H-kondrittane, noko som skuldast at ein finn mykje færre frie jernflak når ein studerer kuttflatene på meteoritten. L-kondrittar har ei olivinfordeling på Fa21-25. Om ein samanliknar dei tre typane ordinære kondrittar, er L-kondritten den vanlegaste ved meteorittfall, med heile 46%.

Eksempel på kjent L-kondritt er Gold Basin.