Meteorittar – frå rom til jord

LL-kondritt

LL står for «low metal, low total iron», og betyr at mellom 19-22% av  totalvekta er jern.  Mengda med fritt jern i elementær form er her kun mellom 1-3%. LL-kondrittane lar seg dermed kun tiltrekke svakt av ein sterk magnet. Når ein studerer snittflatene, ser ein at fordelinga av frie jernflak er svært sparsomleg med kun enkelte jernflak synlege. LL-kondrittar har ei olivinfordeling på Fa26-32. Denne meteorittypen er vanskeleg (men ikkje umogleg) å oppdage ved hjelp av metalldetektor, på grunn av det låge jerninnhaldet.

Eksempel på kjent LL-kondritt er Chelyabinsk.