Meteorittar – frå rom til jord

Karbonhaldige kondrittar

Karbinhaldige meteorittar er kjemisk svært komplekse, med ein ytre utsjånad som minner om kullbrikettar. Smelteskorpa er mørk grå til svart, og innsida er tilsvarande mørk. Enkelte viser eit rikt utval av flotte kondrular, medan andre er er nesten utan strukturar innvendlig. I motsetning til dei ordinære kondrittane, viser dei karbonhaldige ingen eller få teikn til termisk metamorfose. Derimot viser dei fleste klassene teikn til forvandling som resultat av kontakt med vatn, og enkelte har òg vassmolekyl i enkelte av minerala. Desse kondrittane manglar i stor grad metall, og det metallet som finnast er gjerne knytt i oksidform (til dømes som mineralet magnetitt). Enkelte har òg mineral som tilsvarer hydratiserte mineral (leiremineral og serpentin).

Som namnet seier, så innheld desse kondrittane ei større mengde med karbon. (Dog enkelte er faktisk ganske karbonfattige). Men det som faktisk er meir spesielt med dei karbonhaldige kondrittane, er det høgare forholdet med magnesium, kalsium og aluminium samanlikna med silisium, dersom ein samanliknar med dei ordinære kondrittane. Enkelte av dei meir primitive karbonhaldige meteorittane (CI1) innheld karbonat og komplekse organiske forbindelsar (til dømes aminosyrer). Ein spennande tanke er at desse potensielt sett kan ha vore med i prosessen som var opphavet til liv på jorda.

Ulike klasser med karbonhaldige kondrittar
CI (Ivuna)
CM (Mighei)
CV (Vigarano)
CO (Ornans)
CK (Karoonda)
CR (Renazzo)
CB (Bencubbin)
CH («High iron», Allan Hills)