Meteorittar – frå rom til jord

Norske meteorittar

Noreg har relativt få funn av meteorittar, og nokså mange av desse er relatert til meteorittfall (funn av meteorittar etter visuell observasjon av eldkule). I hovudsak skuldast dette at vi har forholdsvis lav befolkningstetthet med store områder med “uberørt” natur. I tillegg har vi klimatiske og vegetasjonmessig forhold som tilseier vanskelege forhold for leiting, samt høg forvitringsrate. Vi har òg eit nokså ungt landskap, der isbreane i stor grad har forma og endra landskapet gjennom kontinuerlege geologiske prosessar. Dermed har vi ingen områder som naturleg sørger for langvarig og uforstyrra akkumulasjon, som td. ørkenområder. Basert på den generelle meteorittfluxen, vil det dermed vere relativt vanskeleg å finne meteorittar i Noreg. For å auke denne sjansen, bør ein dermed konsentrere innsatsen i områder med isbrear. Breane har stort overflateareal, og har høve for akkumulasjon over lengre tid. Platåbreane (døme Jostedalsbreen) vil ha brearmar som drenerer ut i dalane. Materiale i isen vil dermed blir transportert ut i brearmane, og depontert i ablasjonsområdet til breen.

Her er ei kjapp oppsummering av dei norske meteorittane:

1848: Ski – 850 gram L6-kondritt
1884: Tysnes – 21,7 kg H4-kondritt
1892: Morradal – 2,75 kg ataxitt
1898: Mjelleim – 100 gram H-kondritt
1902: Finmarken – 78,3 kg pallasitt
1927: Trysil – 640 gram L/LL6-kondritt
1928: Oterøy – 246 gram L6-kondritt
1942: Pollen – 254 gram CM2-kondritt
1950: Tromøy – 357 gram H-kondritt
1976: Grefsheim – 45,5 gram L5-kondritt
1978: Leikanger – 1,5 kg L6-kondritt
1992: Viksdalen – 470 gram eucritt
2001: «Svartekari» – 715 gram H5-kondritt (ikkje endeleg klassifisert)
2006: Moss – 3,7 kg CO3.6-kondritt
2012: Oslo – 1,5 kilo H3-6-kondritt
2013: Valle – 4,4 kg H-kondritt

Legg igjen en kommentar