Meteorittar – frå rom til jord

NWA XXX 101.3 gr


Uregistrert meteoritt, funnen i ørkenen i nordvestlege delane av Afrika i 2014. Eksemplaret veg 101.3 gram, og er truleg ein ordinær kondritt. Magnetisk gir den mindre utslag enn standard H-kondritt, så truleg er den av type L. Dette betyr at den innheld lite jern, særleg i elementær metallisk form. Meteoritten er eit enkeltindivid, med fin og nokså fersk smelteskorpe, tommelfingermerker (regmaglypter), og har ein tydeleg angulær form. Den eine sida har ein brotkant, der ein kan sjå korleis meteoritten ser ut inni («vindauge»). Området med brotkant har ei viss grad av oksydering, som normalt for jernhaldige meteorittar som vert utsett for naturlege forvitringsprosessar i ørkenen. Smelteskorpa viser liten grad til forvitring, og meteoritten verkar relativ fersk.