Meteorittar – frå rom til jord

NWA XXX 34.8 gr


Denne meteoritten vart funnen i dei nordvestlege delane av Afrika i 2014, veg 34.8 gram, og er truleg ein ordinær kondritt av type H. Den innheld såleis mykje jern, både i elementær metallisk form og bunden i mineralform. Meteoritten er eit enkeltindivid, med fin og veldig fersk smelteskorpe, og har ei nokså runda form, dog med tydeleg antyding av eit opprinneleg angulært utgangspunkt. Den eine sida har ein brotkant, med ei sekundær smelteskorpe. Denne meteoritten er såleis truleg eit fragment frå ein hovudlekam, som delte seg opp nokså høgt oppe i atmosfæren. Denne delen har fått ei smelteskorpe. Seinare under fallet har det brotna av ein liten del av enden, og denne delen av meteoritten er såleis ikkje så avrunda og jamn i forma. Sekundærskorpa på denne delen er likevel så tydeleg og utprega at ein kan mistenke at den likevel har fått smelta eit godt stykke ned i atmosfæren. Det er ingen tydeleg fargeforskjell mellom primær- og sekundærskorpa.
Smelteskorpa viser generelt litt krympesprekker. Dette er ørsmå, hårtynne sprekker som oppstår når smelteskorpa størknar og trekk seg sammen under siste delen av fallet.  Ellers er skorpa rimeleg strøken, med liten grad av forvitring. Smelteskorpa er omlag 100% komplett, med kun enkelte små områder med teikn til oksydasjon. Meteoritten verkar rimeleg fersk og er meget pen.