Meteorittar – frå rom til jord

Muonionalusta

Muonionalusta

Muonionalusta

Klassifisering: Jern, IVA, fina octahedrite
Funn: 1906
Land/lokalitet: Sverige
Totalmasse: ca 230 kg
Vekt på mitt eksemplar: 39,25 gram (slipt og etsa)

Meteoritical Bulletin Database

Muonionalusta er funnen i området omlag 140 km nord for polarsirkelen, vest for grensa mellom Sverige og Finland. Den er ein av dei eldste meteorittane vi kjenner til, med estimert alder på omlag 1 million år. Over 40 større meteorittar er funne innanfor eit område på 15x25km. Området har vore gjennom 4 istider sidan fallet, og materialet er såleis forflytta mykje frå si opprinnelege plassering. Overflata på meteorittane er kraftig oksidert (rusta), men Muonionalusta viser eit av dei flottaste Widmanstätten-mønstera på slipte og etsa flater. Meteorittane ligg som oftast nokså djupt, i hard botnmorene. Dette gjer det nokså krevjande å finne og grave fram fragmenta. Metalldetektor av type pulse induction med stor spole er eit av dei beste hjelpemidla for å lokalisere fragmenta.

Legg igjen en kommentar