Meteorittar – frå rom til jord

NWA XXX

NWA betyr at meteorittane er funne i den nordvestlege delen av Afrika («North West Afrika»), ofte av omreisande nomadar og personar som leitar etter meteorittar i ørkenen på generell basis. Desse meteorittane får eit fortløpande løpenummer. Når vi møter betegnelsen NWA XXX, så betyr dette at meteoritten har ikkje vore inne til offisiell klassifisering. Den står dermed ikkje oppført i den internasjonale meteorittdatabasen. Dei fleste funn er dog ordinære kondrittar, og ved å måle jerninnhaldet (enten med magnet eller ved å studere eit avslipt hjørne) så klarer ein ofte å grovklassifisere desse kjapt. Om ein ynskjer ei meir nøyaktig klassifisering, kan ein sende denne inn til ein godkjent institusjon for klassifisering. Dette kostar som regel litt pengar, samt at 20% (eller 20 gram; det alternativet som er størst) skal donerast til vitenskapen og såleis vere tilgjengeleg for forskning. Ein finn dog institusjonar som gjer jobben gratis, men dette tar då ofte lengre tid.
Uklassifiserte meteorittar er ofte eindel billigare enn dei med katalognummer, og det er såleis greit å skaffe seg ein riktig fin meteoritt til ein billig penge. Ein kan ofte finne større parti med uregistrerte meteorittar til sals, og av og til innheld desse partiar nokre skikkelege godbitar!