Meteorittar – frå rom til jord

Sikhote-Alin

Sikhote-Alin

Klassifisering: Jern, IIAB, coarse octahedrite
Fall: 12.februar 1947
Land/lokalitet: Russland, Sibir
Totalmasse: ca 23 tonn
Vekt på mine eksemplar: 8,49 gram (splint) og 113,28 gram (individual) 

Meteoritical Bulletin Database

Eit historisk fall
12.februar 1947 kunne innbyggarane i området rundt fjellkjeda Sikhote-Alin aust i Sibir, Russland, oppleve ei eldkule like stor og lyssterk som sola. Eldkula var synleg kl 10:38 om morgonen, og passerte frå nord mot sør i løpet av 4-5 sekund. Den var så lyssterk at den kasta skugge, og la etter seg ei enorm røyksky på himmelen. Augevitne rapporterte at den skifta farge, med ein særleg raudfarge mot slutten av fallet. Den russiske malaren Medvedev hadde nettopp satt opp staffeliet sitt utandørs, og fekk såleis benytta sjansen til å male eit maleri som skildra eldkula og røykskya. Eldkula eksploderte mot slutten av fallet, og trykkbølga kunne merkast 160 km unna. Den rysta bygningar og knuste vindaugsruter. Det spesielle med Sikhote-Alin er at hovudmassa delte seg opp berre omlag 6 km oppe i atmosfæren. Dette førte til at nedfallet vart konsentrert innanfor eit svært lite geografisk område på omlag 2 kvadratkilometer. Sikhote-Alin er ein jernmeteoritt

Konsentrert nedfall
Nedfallsområdet vart funnen ved ein tilfeldighet eit par dagar seinare av nokre flygarar, som la merke til eit område med mykje splintra tre. I tillegg var det synleg fleire nedslagsgroper, som var godt synlege mot den kvite snøen. Totalt vart det funne over 120 små nedfallsgroper, og titusenvis av jernfragment i fleire storleikar. Den største gropa var 25 meter brei og omlag 6 meter djup.
Dette meteorittfallet er eit av dei aller største vi kjenner til. Vi brukar ordet fall når det er snakk om eit observert nedfall; i motsetnad til eit funn, som ein kallar det når ein ikkje kan relatere meteorittane til ein bevitna observasjon. Campo del Cielo er til dømes eit funn, fordi ein ikkje har klåre historiske skildringar av fallet.

Små groper – store meteorittar
Ein artig observasjon frå nedfallssona ved Sikhote-Alin, er at dei største meteorittane vart funne i dei minste kratera. Dette skuldast at meteorittane som skapte dei største kratera rett og slett vart splintra til småbitar. Dette syner godt att blant mangfaldet av denne meteoritten. Vi finn hovudsakleg to typar; meteorittar som syner teikn på individuell smelting gjennom si luftferd, og fragmentdelar som minnar mest om jernfragment frå granatnedslag. På bilete over ser du to fragment, der den største er ein frittståande meteoritt. Den minste biten er eit splintfragment med skarpe og opprevne kantar, og stammar truleg frå eit av dei større kratera.

Ulike former
Den største enkeltmeteoritten frå dette fallet veg omlag 2 tonn. Alle meteorittane (unntatt splintfragmenta) har tydelege regmaglypter (tommefingermerker), og storleiken på desse merka er proporsjonal med storleiken. Jo større meteorittar,  dess større tommelfingermerker. Sjølv dei minste meteorittane på under eit gram har slike merker. Ein reknar med at det framleis er store mengder med fragment og bitar gøymt under bakken i den russiske taigaen. Det er i tillegg funne tildels store jernsplintar i mange tre i nærleiken.
Sikhote-Alin er framleis lett tilgjengeleg for samlarar. Dei fleste fragment som vert selde er rensa eksemplar (som dei på bileta over), men ein finn av og til òg urensa meteorittar som kjem rett frå funnstaden i uendra tilstand. Mange av meteorittane viser fantastisk skulpturøse formar danna frå ferda gjennom atmosfæren, og fleire har tydeleg orientering med flytemerker og roll-over-lip.

Opphavet
Basert på alle augevitneobservasjonane har ein kalkulert at denne asteroiden har hatt sitt utgangspunkt i asteroidebeltet mellom planetane Mars og Jupiter, og har hatt ei bane med perihelion-punkt (næraste banepunktet mot sola) litt innanfor jorda si bane. Det var såleis berre eit tidsspørsmål om når denne ville kome i kollisjonskurs med jorda.

Legg igjen en kommentar