Meteorittar – frå rom til jord

Gebel Kamil

Gebel Kamil

Gebel Kamil

Klassifisering: Jern, ataxitt
Funn: 19.februar 2009
Land/lokalitet: Egypt, East Uweinat
Totalmasse: 1600 kg
Vekt på mitt eksemplar: 166,10 gram

Meteoritical Bulletin Database

I 2009 var det funne eit 5000 år gamalt meteorittkrater sør i Egypt, og det vart faktisk funne av nokon som studerte ørkene ved hjelp av Goole Earth. Krateret hadde ein diameter på 45 meter, og totalt er det samla inn rundt 1600 kilo med splintfragment frå meteoritten. Storleiken varierer mellom 1 gram og opp til 35 kilo, og den største delen veg 83 kilo. Meteoritten er ein ataxitt, som er ein meteorittype med høgt innhald av nikkel. Gebel Kamil er ein dekorativ meteoritt å ha i samling, med flott ørkenpatina og ofte litt forvridde former. Overflata er dekka av små rukler og riller, der ein tydeleg ser spor etter korleis det smelta metallet har blitt forma av luftmotstanden.

Gebel Kamil

Gebel Kamil – frå motsatt vinkel

 

Krateret

Krateret

Satellittbilete av krateret

Satellittbilete av krateret

Legg igjen en kommentar