Meteorittar – frå rom til jord

Gold Basin

Gold Basin

Gold Basin

Klassifisering: Kondritt, L4, S1, W2
Funn: 1995
Land/lokalitet: USA, Arizona
Totalmasse: ca 65 kg
Vekt på mitt eksemplar: 84,51 gram (individual)

Meteoritical Bulletin Database

Professor Jim Kriegh oppdaga i 1995 ein meteoritt medan han leita etter gull med metalldetektor. Området synte seg å vere eit nedfallsfelt («strewn field»), og sidan den gong er det funne fleire tusen meteorittar strødd ut over eit området på omlag 130 kvadratkilometer. Dei største enkeltmeteorittane var på over 1500 gram. Delar av strøfeltet befinn seg i eit freda område, og er såleis utilgjengeleg for søk. Meteorittane har ei  overflate/patina som ikkje skil seg merkverdig ut frå steinane rundt, og området er òg fullt av «hot rocks» (steinar som gjev utslag på metalldetektor, men som ikkje er meteorittar).

Gold Basin

Gold Basin

Legg igjen en kommentar