Meteorittar – frå rom til jord

Chelyabinsk

Chelyabinsk

Klassifisering: Kondritt, LL5, S4, W0
Fall: 15.februar 2013
Land/lokalitet: Russland, Chelyabinsk
Totalmasse: ca 1 tonn
Vekt på mine eksemplar: 1,91 gram (individual), 3,42 gram (individual), 12,77 gram (individual) og 2,66 gram (endcut)

Meteoritical Bulletin Database

Chelyabinsk var ein hendelse knytta til ein nær-jorda asteroide som traff jorda sin atmosfære over Ural-regionen i Russland 15.februar 2013 kl 09:20 lokal tid. Ein har estimert hastigheten til omlag 19 km/s (omlag 69.000 km/t), og lysstyrka var sterkare enn sola sjølv på 100 km avstand. Asteroiden kom inn i ein nokså lav vinkel, og dette førte til at den eksploderte og gjekk i oppløysing omlag 29.7 km oppe i atmosfæren. Mesteparten av den kinetiske energien vart absorbert av atmosfæren, og eksplosjonen ført til eit stort nedfalla av små meteorittar. Eksplosjonen medførte òg ei enorm sjokkbølge som gjorde skade på over 7200 bygningar, samt rundt 1500 personar som måtte oppsøke medisinsk behandling (hovudsakleg skadar frå knuste glasruter).
Asteroiden er reknar til å ha hatt ein diameter på omlag 20 meter, og ei bruttovekt på over 12.000 tonn. Objektet vart ikkje oppdaga før den traff atmosfæren, dels grunna at radianten (det tilsynetalande punktet den kom frå på himmelen) låg nært sola. Det største fragmentet vart henta opp frå innsjøen Cherbakul, der ein nokre månader seinare fann ein 654 kg meteoritt. Då meteoritten traff innsjøen, laga den eit hol i isen på 6 meters breidde. Totalt er det samla inn fleire tusen mindre meteorittar, og  dei har ei fersk og svart smelteskorpe. På innsida viser Chelyabinsk ein struktur som fortel oss at asteroiden har vore utsatt for kraftige kollisjonar på eit tidlegare tidspunkt. Tydelege sprekker med svart materiale, og mange fragment med ein oppknust/breksjert struktur forklarar på ein god måte kvifor Chelyabinsk delte seg opp så kraftig i sitt møte med atmosfæren. Den hadde rett og slett ikkje ein sjanse, og vart riven kraftig i småbitar då den eksploderte.

Chelyabinsk skive

Chelyabinsk skive

Chelyabinsk endcut

Chelyabinsk endcut

Hendinga vart ein av dei mest (og best) dokumenterte nedfallshistoriene vi kjenner til. Dette skuldast det enorme antalet med dashbordkamera som finst i Russland. Dei fleste russiske forsikringsselskap krev nemleg at førarane installerer slike kamera i bilane sine. Dette skuldast at det er høg grad av korrupsjon blant russisk politi, og ein kamerabevis er difor naudsynt for å kunne vinne fram i si sak ved ev. trafikkuhell.

Oppsprukken og oppdelt matriks

Oppsprukken og oppdelt matriks

Sjokkpåverka mineral

Sjokkpåverka mineral

Legg igjen en kommentar