Meteorittar – frå rom til jord

Campo del Cielo

Campo del Cielo

Campo del Cielo

Klassifisering: Jern, IAB-MG, coarse octahedrite
Funn: 1576
Land/lokalitet: Argentina
Totalmasse:  >60 tonn
Vekt på mine eksemplar: 658 gram (individ) og 1153 gram (slipt) 

Meteoritical Bulletin Database

Dei tidlegaste kjeldene viser kjennskap til meteorittfunnet Campo del Cielo heilt tilbake til 1576. Dei innfødde hadde i lang tid før dette bruk meteorittdelar for å lage seg våpen og redskap, og dei omtala plassen for Piguem Nonralta, som oversatt til spansk vart Campo del Cielo, eller «field of the sky» («himmelstaden»). Det at denne plassen fekk dette navnet av dei innfødde kan muligens tyde på at meteorittfallet har blitt observert av menneske, og gjenfortalt frå generasjon til generasjon opp gjennom historia.

Eit rikt funn
Dette enorme meteorittfallet skjedde i Chaco-provinsen i Argentina, truleg for rundt 4-5000 år sidan, og består av eit kraterfelt på ca 3×20 km. Dette kraterfeltet består av minst 26 krater, der det største er omlag 115×90 meter. Heile nedslagsfeltet er omlag 60 km langt, og dette tyder på at objektet må ha falle ned gjennom atmosfæren i ein nokså liten vinkel. Totalt reknar ein med at det fall ned over 100 tonn av denne jernmeteoritten, fordelt på fragment i alle storleikar. Campo del Cielo er difor litt tilgjengeleg på marknaden, og er attraktive meteorittar for samlarar. Den er òg relativt stabil og motstandsdyktig mot rusting. Meteoritten innheld ein stor andel av intrusjonar (innblanding av mellom anna silikat og grafitt), og dette har truleg årsaka at den originale massa splintra seg opp i eit utal meir eller mindre store fragment. I 1813 vart det funnen ein meteoritt på 15 tonn, og denne enda opp British Museum. Så seint som i 1970 vart det funnen ein 18 tonns meteoritt i ei nedfallsgrop. Det største fragmentet, kalla El Chaco, er estimert til 37 tonn, og befinn seg framleis i Chaco-provinsen. Dette er den nest største meteoritten som vi kjenner til, bortsett frå Hoba-meteoritten i Namibia.

Robert Haag og El Chaco
Den verdskjende meteorittsamlaren Robert Haag inngjekk ein avtale med ein lokal grunneigar i 1990, og trudde han hadde kjøpt El Chaco. Robert ordna med betaling og transport, men vart stansa kort tid etter at transporten heim hadde starta. Det viste seg at El Chaco var ein nasjonal kulturskatt, og at grunneigar ikkje hadde løyve til å selge denne. Han vart blitt lurt. Men sjølv om Robert tilbrakte omlag ein månad i fengsel, og tapte fleirfoldige titals tusen dollar på denne operasjonen, så førte mediamerksemda til ein enorm reklameverdi for Robert. Omsetnaden hans dobla seg, og namnet hans vart for alvor kjent.

Legg igjen en kommentar