Meteorittar – frå rom til jord

Canyon Diablo

Canyon Diablo

Klassifisering: Jern, IAB-MG, coarse octahedrite
Funn: 1891
Land/lokalitet: USA, Arizona
Totalmasse: ca 30 tonn
Vekt på mine eksemplar: 18,03 gram, 26,45 gram (rensa) og 108,9 gram. 

Meteoritical Bulletin Database

Kjent krater
Canyon Diablo er namnet på meteorittane frå eit av dei mest kjente meteorittkratra på jorda, det enorme Barringer-krateret i Arizona, USA. Meteorittane er oppkalla etter eit gamal elvekløftsystem som har gravd seg ned i bakken i området rundt krateret. Dei eldste skriftlege beretningane om dette krateret er frå 1871, men krateret var kjent for lokalbefolkninga i lang tid før dette. Det vart funne fleire jernfragment i området, og folk forsøkte å få solgt dette i trua om at det var sølv. Ein trudde lenge at området innholdt ei jernåre, og det var faktisk ikkje før midt på 1900-talet at ein slo fast at dette var eit krater danna av eit meteorittnedfall. Det har vore fleire forsøk på å borre i botnen på krateret i håp om å finne ei større jernmasse. Denne store jernmassa eksisterer truleg ikkje, då mesteparten av asteroiden fordampa ved nedslaget. Det einaste som er att er store mengder med oppsplintra fragment, dei fleste av dei kraftig oksiderte gjennom dei 20-50.000 åra sidan nedfallet.

Rensa eller autentiske?
Mange metorittar frå dette krateret vert selde som tromla og rensa eksemplar, men ein får òg tak i uberørte fragment. Desse har ofte ei rustfarga overflate, og nokre har kalkavsetningar og andre sekundære mineral på overflata. Biletet over viser både rensa og urensa eksemplar. Personleg likar eg best dei urensa eksemplara, fordi dei fortel litt meir om kva historie som er knytt til dette krateret. Fragment som er kutta i skiver, slipt og etsa med salpetersyre viser flotte Widmanstätten-mønster, men meteorittane frå dette krateret har diverre ikkje så god motstandskraft mot rusting. Det er difor viktig å halde fragmenta tørre.

I dag er det ikkje lenger lov å samle meteorittar frå omådet rundt krateret. Dette er ein litt rar praksis, då fragmenta som framleis ligg der etterkvart vil ruste vekk og forvitre, til inga glede. Heldigvis er det store mengder med fragment i sirkulasjon blant private samlarar og diverse institusjonar.

Legg igjen en kommentar