Meteorittar – frå rom til jord

Jilin

Jilin

Klassifisering: Kondritt, H5
Fall: 8.mars 1976
Land/lokalitet: Kina
Totalmasse: ca 4 tonn
Vekt på mitt eksemplar: 7,8 gram (skive)

Meteoritical Bulletin Database

Like etter kl 15, 8.mars 1976 oberverte tusenvis av folk i Kina ei kraftig eldkule som enda i ei rekke med eksplosjonar. Eldkula medførte eit solid meteorittnedfall, med eit eliptisk nedslagsfelt («strewn field») på omlag 72×8 km. Det største fragmentet vog heile 1774 kg (100x80x50cm) og er den største komplette steinmeteoritten som vi kjenner til. Denne meteoritten laga eit lita nedslagsgrop når den traff bakken, og trykkbølga når den traff bakken vart registrert som eit jordskjelv på 1.7 på Richter-skala. Omlag 138 individuelle meteorittar og over 3000 fragment vart funnen frå dette fallet, med eit totalmasse på omlag 4,4 tonn. Det største fragmentet står no utstilt på meteorittmuseumet i Jilin.