Meteorittar – frå rom til jord

NWA 869

NWA 869

Klassifisering: Kondritt, L3-6, S3, W1
Funn: 2000
Land/lokalitet: North West Africa
Totalmasse: ca 2 tonn
Vekt på mine eksemplar: 9,85 gram (individual, endcut) & 179,90 gram (individual)

Meteoritical Bulletin Database

Omlag 2 tonn, fordelt på fleire tusen eksemplar, av denne L-kondritten er tilgjengeleg som NWA 869. Den kjem frå eit nedslagsfelt i ørkenen i dei nordvestlige delane av afrika. Enkeltsteinar mellom 1 gram og 20 kg er funne. I dei fleste tilfella er smelteskorpa blitt slipt vekk av vinden, og mange eksemplar viser er overflate sterkt  prega av vinden sin erosjon (sandblåsing). NWA 869 er ei kondrittisk breksje, og består av tildels grov litologi. Dette fører til at enkeltmeteorittar kan bestå utelukkande av ein type materiale.  Det at meteoritten er ei breksje forklarer kvifor klassifiseringa er L3-6. Breksjen består av opptil 75 volumprosent med matriks. NWA 869 er ein av dei best tilgjengelege steinmeteorittane for sal, og er godt likt av samlarar. Noko av grunnen til dette er det store mangfaldet av struktur og utsjånad på dei ulike meteorittane når ein kuttar den i skiver.

NWA 869

NWA 869