Meteorittar – frå rom til jord

Har eg funne ein meteoritt?

Mange har plukka opp ein stein, stussa litt, og lurt på om dette kan vere noko interessant frå verdensrommet. Ein kan som regel eliminere bort mesteparten av funna ved å sjekke følgande punkt:

Vekt: Dei fleste metorittar innheld eindel jern, noko som fører til høg eigenvekt. Steinmeteorittar har ofte eigenvekt på 3 gram pr cm3, medan jernmeteorittane ligg på over 7 gram.

Magnetisk: Dei fleste meteorittane lar seg tiltrekke av ein magnet. Dersom steinen ikkje viser teikn til å reagere på ein magnet, så er det mest truleg ikkje ein meteoritt. Men har steinen andre karakteristiske trekk for meteorittar, så få den undersøkt hjå kvalifisert personale. Meteorittar frå Mars og månen innheld svært lite jern, men er verdt veldig mykje!

Blærer: Ytterst få meteorittar har gassblærer, så dersom du finn ein stein/jernklump med blærestruktur, så er det nesten garantert av jordlig opphav, td. slagg eller vulkansk lavastein.

Smelteskorpe: Ferske meteorittar har ei svart, glasaktig melteskorpe. Denne skorpa forvitrar fort, og får gjerne ein rustfarge med tida. Steinmeteorittar er som oftast lyse på innsida, men fargen kan variere mykje alt etter type meteoritt. Mellom anna er nokre av dei karbonhaldige meteorittane ganske mørke på innsida. Forvitringsprosessar kan òg endre fargen mykje i løpet av åra.

Metallflak: Ein delt steinmeteoritt vil ofte vise små metallflak, i meir eller mindre grad alt etter type meteoritt. Ser du små metallflak som glinser mot deg, så er det verdt å undersøke dette nærare.

Overflatestrukturar: Ein del meteorittar har flotte overflatestrukturar, danna ved smelteprosessen som skjer når meteoritten reiser gjennom atmosfæren. Ein del av desse strukturane minner om tommelfingermerker som ein får ved å trykke fingrar i leire. Andre strukturar, spesielt på orienterte meteorittar (meteorittar som ikkje har rotert på sin veg gjennom atmosfæren), viser teikn til at stein og metall har smelta og bevega seg på overflata av meteoritten, såkalla flytelinjer. Enkelt har òg tydeleg kant, der ein kan sjå at materialet har bevega seg mot baksida av meteoritten og størkna som ei karakteristisk rand (kalla roll-over-lip).

Om du har funne ein interessant stein/jernklump, ta gjerne eit godt bilete av den og send til Naturhistorisk museum i Oslo (eller ev. til underteikna). Då kan ein nokså raskt finne ut om dette er interessant eller ikkje. Det er viktig at ein oppbevarer meteoritten tørt, og forsøker å behandle den minst mogleg inntil ein har funne ut av kva det kan vere. Heilt ferske meteorittar bør ikkje rørast med hendene. Det beste er å pakke dei inn i  litt aluminiumsfolie, og oppbevare dei tørt. Ein bør òg vere forsiktig med bruk av magnet på heilt ferske meteorittar, då desse kan innehalde interessant magnetisk informasjon. Denne informasjonen kan bli øydelagt om meteoritten vert utsatt for eit sterkt magnetfelt.