Meteorittar – frå rom til jord

Tynnslip

Tynnslip er ein prosess der ein kuttar bergartsprøver opp i tynne skiver, som ein så limer på eit objektglas. Deretter slipar ein ned bergartsskiva til 0.03mm, og monterer denne med dekkglas. (Prosessen høyrest enkel ut, men er i røyndomen ganske tidkrevande og vanskeleg). Når ein så brukar dette preparatet i eit polariseringsmikroskop, er det mogleg å bestemme minerala i bergarten ved å studere dei optiske eigenskapane til mineralkorna. I tillegg er bergartsprøver i polariseringsmikroskop eit fantastisk flott syn visuelt!
Innan meteorittar er bruk av tynnslip eit nyttig hjelpemiddel under klassifiseringsprosessen. Her kan ein få gode ledetrådar til mineralinnhald, sjokkgrad, forvitringsgrad og generell struktur.