Meteorittar – frå rom til jord

Stein-jernmeteorittar

Asteroidar med stor nok masse vil oppleve oppvarming av dei indre delane, pga høgt trykk og radioaktiv spalting. Denne oppvarminga endrar den opprinneleg kondrittiske strukturen, og fører  til at asteroiden vert differensiert. Dei tyngre elementa, som jern og nikkel, synk inn mot kjerna, medan dei lettare stoffa vert liggande mot overflata. Asteroiden vert dermed lagdelt, på samme måte som vår jord. Denne lagdelinga gjev dermed grunnlaget for ei rekkje ulike type meteorittar, med opphav i samme asteroidemasse.

Stein-jernmeteorittane består av omlag 50/50 fordeling av jern og silikatmineral. Vi deler denne typen meteorittar opp i to hovudtypar; pallasittar og mesosiderittar. Pallasittane er danna i overgangen mellom metallkjerna og silikatmantelen på smelta og differensierte asteroidar. Mesosiderittane derimot er danna ved smelteprosessar relatert til kraftige asteroidekollisjonar i solsystemet sine yngre dagar, og representerer ei blanding frå eit vidt spekter av ulike asteroidar.

Legg igjen en kommentar