Meteorittar – frå rom til jord

Eigedomsforhold

Eigedomsretten til mineraler fell i to hovedgrupper.Minerallova skil mellom det som tilhøyrer staten og det som tilhøyrer grunneigar. Statens  sine mineral er oppregna i mineralloven § 7, og omfattar i hovedtrekk metal med eigenvekt på 5 gram per kvadratcentimeter eller høgare. Grunneigar eigedomsrett er negativt avgrensa. Det vil si at alle mineral som ikkje eksplisitt tilhøyrer staten, er grunneigars.

Leiterett og varslingsplikt. Det følgjer av minerallova § 8 at einkvar har rett til å leite etter mineralske forekomstar på framand grunn. Forutsetninga er at grunneigar vert varsla, sjå e minerallova § 10. For å gå ein vanleg tur i skogen eller på fjellet treng ein imidlertid ikkje varsle grunneigar. Her kan det vere ein uklar overgang. I lovforarbeida står det (Ot.prp. nr. 43, 2008-2009 s. 55): «Det er vanskelig å si eksakt hvor grensen mellom utøvelse av allemannsretten og leteretten etter mineralloven skal trekkes.»

Eierløse håndstykker. Minerallova regulerer ikkje situasjonen der ein som ledd i utøvelse av allemannsretten finn eit handstykke i naturen og vil ta det med heim til steinsamlinga. Dette framgår av lovens forarbeider (Ot.prp. nr.43, 2008-2009, s. 42, 52 og 132). Dersom minerallovea ikkje løyser spørsmålet om ein kan ta med seg en stein frå naturen – kva regler gjeld då?

Haustingsretten Allemannsretten er eit begrep som brukast til å betegne den rett alle og einkvar har til ferdsel og opphold i naturen, samt retten til å hauste visse naturprodukt, uavhengig av kven som eig grunnen. Haustingsretten forbindast først og framst med retten til å plukke ville bær og blomster, men gjeld òg mindre mineralbitar. Steinsamling på hobbybasis har lange tradisjonar som ein uskyldeg nyttesrett i naturen, og antas å vere tillatt på sedvanerettslig grunnlag (NOU 1996:11 s. 184).

Fri ferdsel Første forutsetningen er at ein har lovlig adgang til å ferdast i området. Friluftsloven § 2 fastsett at det er fri ferdsel i utmark. Ferdsel i innmark må ha grunneigars løyve, men vinterferdsel på frosa mark er tillatt etter friluftsloven § 3.  Lokalt kan det vere bestemmingar som begrensar ferdselsretten eller forbyr fjerning av stein, mineral og fossil. Slike regler finnast i ein del verneområder, og går framfor allemannsretten til ferdsel og hausting, sjå friluftsloven § 19.

Steinar som fell ned på jorda frå verdensrommet er ikkje uttrykkelig nevnt i lovgivninga, og eigedomsretten til desse er ikkje diskutert korkje i minerallovas eller naturmangfoldlovas forarbeid. Justisdepartementets lovavdeling vurderte det slik i ein sak fra 1999, utan å ta stilling til eigedomsretten:

«En enkelt forefinnende meteorittstein av håndterlig størrelse må etter vår vurdering tingsrettslig sett normalt betraktes som en egen løs gjenstand, med den konsekvens at enhver er berettiget til å lete etter den (på en for grunneieren uskadelig måte der allmenn ferdsel er tillatt) uten å måtte søke hjemmel i bergverksloven.»

Storleiken på steinen har betydning. Veg den over 70 kilo, som Altameteoritten fra 1902, eller er den så liten at du kan du ta den med deg i lomma? Det naturlige utgangspunktet er at steinen tilfell eigar av grunnen den fell ned på, ut fra prinsippet om at eigedomsretten er negativt avgrensa, dvs. at eigedomsretten omfatter alt som ikkje er uttrykkelig unntatt. Eigedomsretten omfattar vanlegvis det som tilføyast frå naturen si side, for eksempel elveavsetningar eller lausmasser frå ras. Lov om hendelege eigedomshøve § 8 og § 9 byggjer på denne løysninga når flom, ras eller andre særlege naturhendingar fører noko frå ein eigendom til ein anna. Meteorittar kan innehalde ulike mineral, og er den stor  vil spørsmålet om eigedomsrett kunne avhenge av innholdet og løysast etter mineralloven § 7 . Men òg i desse tilfella kan turgåaren tilegine seg mindre stykker som dukkar opp på turen. Allemannsretten til å ta med seg mineralske håndstykker er eit unntak frå utgangspunktet om at mineralressursane enten tilhøyrer staten eller grunneigaren.

Både fossil og meteorittsteinar kan vere verdifulle på samler- og museumsmarkedet. Dei kan dessutan ha vitenskapeleg verdi uavhengig av den økonomiske verdien. Men straffelova (2005) § 323 har ikkje hatt dette i tankane. Bestemmelsen vart tilføyd ved lov 19. juni 2009, men den har enno ikkje trådt i kraft. Den vil derfor eventuelt berre kunne tillegges vekt som tolkningsmoment. Fossil og meteorittsteinar er som sagt ikkje særleg regulert korkje i minerallova eller naturmangfoldlova. I mangel av klarare lovgrunnlag vil ein difor inntil vidare kunne legge til grunn at «finnaren er vinnaren» av mindre mineralske håndstykker av den typen som nevnast her. Dersom dagens løsning ikkje er ønskeleg, er det ei oppgave for lovgjevar å endre reglane.

Hobbygeologens sjekkliste til allemannsretten ser slik ut:

  • Er det lovleg å ferdast i området?
  • Er steinen så liten at den kan medbringast utan hjelpemidler (håndstykke)?
  • Finnast det lokal regulering av spørsmålet, for eksempel verneforskrifter som forbyr uttak av stein og fossil?
  • Har funnet åpenbar økonomisk verdi (for eksempel gull)?

Kort oppsummert: Håndstykker av stein og mineral du finn under lovlig ferdsel i naturen kan beholdast.