Meteorittar – frå rom til jord

Jernmeteorittar

Om vi tek utgangspunkt i dei første byggesteinane i solsystemet vårt, kondrulane, så er desse enkle byggesteinar som består av ytterst få mineral. Desse var dei første objekta som vart kondensert ut frå den store gasståka som danna grunnlaget for sola og planetane.  Saman med desse kondrulane var òg små partiklar av nikkeljern. Etterkvart som fleire og fleire partiklar klumpa seg saman, til stadig større og større masser, fekk vi med tida lekamar store nok til å bli differensierte, eller lagdelte. Desse asteroidane fekk ei nikkeljernkjerne innerst, og ein mantel beståande av jern og silikat. Ytterst låg ei skorpe beståande av hovudsakleg silikatmineral. Kraftige kollisjonar mellom ulike asteroidar førte til at skorpa og mantelen på nokre av desse asteroidane vart strippa frå jernkjerna. Det er delar frå desse jernkjernane som er opphavet til det vi i dag kan kjenne att som jernmeteorittar. Desse meteorittane gjev oss ein solid peikepinn på korleis kjerna av vår eiga jord er, og kva den består av.

Legg igjen en kommentar