Meteorittar – frå rom til jord

Om meg

Underteikna er utdanna innan miljøgeologi (Cand. Mag) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd. Sogndal, med hovudfokus på kvartærgeologiske prosessar og miljøgeologiske problemstillingar. Eg har vore mykje bort i avsmeltingshistorikk etter siste istid, og endringa i klimaet dei siste 15.000 år. I 2002 leverte eg kandidatoppgåve mellom anna om eit av dei største undersjøiske skreda i historisk tid (Storeggaskredet), som delprosjekt av eit større forskningsprosjekt finansiert av Hydro.
For tida jobbar eg med spesialoptikk i Japan Photo, som frilansfotograf/videofotograf for ulike media, samt med kvalitetssikring av geologiske rapportar (risikovurdering).

Min fascinasjon for astronomi og geologi starta tidleg, allereie i barneskulealder. Eg hadde ein entusiastisk bestefar med stor interesse innan astronomi (og forsåvidt det meste), som tidleg introduserte meg for naturens mange fenomen. Interessa for stein og geologiske prosessar kom òg gradvis inn i livet mitt, og geologistudium vart difor eit naturleg val når den tid kom. Astronomiinteressa tok verkeleg av i år 2000 etter eit kurs i regi av Sogndal Folkehøgskule, og eg har sidan vore aktiv amatørastronom og astrofotograf. Eg har òg bak meg ein periode som styremedlem i Norsk Astronomisk Selskap, og er no i tillegg aktiv som kameraoperatør i Norsk meteornettverk.

På tur i området der meteoritten "Svartekari" vart funnen.

På tur i området der meteoritten «Svartekari» vart funnen.

Interessa for meteorittar vart ein naturleg link mellom geologi og astronomi, og eg anskaffa min første metoritt i 1999. Først var det mest som ein geologisk kuriositet, men seinare vart eg meir og meir interessert i alle aspekt knytta til meteorittar. Kva er dei? Kvar kjem dei i frå? Korleis overlever dei gjennom atmosfæren? Kva skil dei ulike typane frå kvarandre? Og kva kan dei fortelle oss om jorda og solsystemet sin barndom og opphav?

I løpet av dei siste åra har eg utvida samlinga gradvis, med eit breidt spekter av eksemplar frå ulike klassifiseringar. Eg har òg teke til med litt meir strukturert studering av meteorittar, og er med i Norsk meteornettverk. Vi driv mellom anna med overvåking av nattehimmelen ved hjelpa av kamerastasjonar, med tanke på krysspeiling av eventuelle nedfall av meteorittar.

Mikroskopi av tynnslip i krysspolarisert lys er eit viktig virkemiddel for klassifisering av nye meteorittar. I tillegg er det svært visuelt og fotografisk spennande for meg som fotograf. Meteorittar har svært vakre strukturar, særleg steinmeteorittar med godt utvikla kondrular. Med denne nettsida ynskjer eg å kunne presentere litt av det store mangfaldet vi har av meteorittar, og i tillegg kunne fortelle litt om historia bak funnet/fallet og kva som kjenneteiknar akkurat denne meteoritten.

Med mindre anna er opplyst, er alle bileta på denne nettsida tatt av underteikna.