Meteorittar – frå rom til jord

Mikroskop

For å studere og klassifisere meteorittar, kan ein nytte eit polarisasjonsmikroskop. Det fungerer ved at ein lagar tynnslip av meteorittane, dvs sliper dei ned til 30 mikron tjukkelse (0.03mm) slik at dei vert transparente. Deretter gjennomlyser ein dei med eit lys som er polarisert. Før okularet på mikroskopet sit det eit nytt polariseringsfilter. Dette stiller ein slik at alt lyset i utgangspunktet vert filtrert vekk. Men pga dei ulike minerala si lysbrytande evne, får ein likevel gjennom lys som ein kan bruke for å identifiserer ulike mineral, strukturar og oppbygging.

Polarisasjonsmikroskop får ein i alle prisklasser, men dei enklaste eignar seg hovudsakleg for visuell observasjonar, lett klassifisering og enkel fotografering. For god fotointegrering, flatt bildefelt og høgkvalitetsoptikk må ein ganske mykje opp i pris.
Eg har eit binokulært polarisasjonsmikroskop av merke Optika B-150 POL-B, kjøpt hos Dinkikkert.no. Det er nokså rimleg, men fungerer veldig fint til enkle observasjonar og klassifiseringar. Det manglar fototube og dei meir avanserte funksjonane, men resultatet er likevel upåklageleg. Mitt mikroskop er oppgradert med plankromatiske objektiv (E-Plan), noko som gjev eit flatare bildefelt (fordel ved fotografering).

Enkel krysspolarisering
Ein enkel måte å vise strukturar i krysspolarisert lys, er å bruke eit lysbord og to lineære polariseringsfilter. Legg eit av filtera ned på lysbordet og plasser tynnslipet opp på filteret. Legg så det andre polariseringsfilteret øverst, og roter dette slik at alt lyset frå lysbordet vert blokkert. Då vil du oppdage at tynnslipet endrar seg totalt. Det fargelause grå tynnslipet vert til eit kaleidoskop av  fargar. Du kan no studere tynnslipa ved hjelp av ei kraftig lupe, eller plassere lysbordet under eit stereomikroskop. Med denne teknikken kan ein òg ta bilete av heile tynnslipet på ein gong.

Lysbord med filter for krysspolarisering.

Lysbord med filter for krysspolarisering.

 

Bileta under viser ulike typar kondrular og strukturar, fotografert gjennom polarisasjonsmikroskop.

Legg igjen en kommentar