Meteorittar – frå rom til jord

Magnetstang

Med magnetstang på tur

Bambusstang med pålimt neodymmagnet.

Bambusstang med pålimt neodymmagnet.


Metalldetektor kan vere lurt om ein leitar etter metorittar med høgt innhald av nikkeljarn. Elles vil ofte ei søkestang (stang med neodymmagnet i enden) vere meir hendig og lettare å få med seg. Ei slik stang kan ein òg bruke som generell vandrestav på tur. Då er magneten alltid klar, dersom du vil undersøke ein stein uten å måtte bøye deg ned. Eg har laga mine eigne søkestenger ved å bruke bambusstenger med pålimt magnet. Om du har ungar, sørg for at alle får sin stav. Då slepp du krangling, og det vert enklare å få dei med seg vidare på turen! Berre pass på at magneten ikkje kjem i kontakt med dyr elektronikk. Det elektriske feltet er kraftig nok til å øydelegge elektronikken, og slette data frå lagringsmedium.
Merk òg at på ferske fall bør ein avgrense bruken av kraftige magnetar. Dette skuldast at jernet i meteorittar har ein magnetisk signatur som kan fortelle oss noko om korleis magnetfeltet på opphavsasteroiden har vore. Dette er nyttig informasjon som kan ha stor vitenskapleg verdi.

Legg igjen en kommentar