Meteorittar – frå rom til jord

Metalldetektor

Ein metalldetektor er eit godt hjelpemiddel i søk etter meteorittar. Dette er eit instrument som skapar eit elektromagnetisk felt ved hjelp av ein spole, og som deretter måler korleis dette feltet vert påverka av metallgjenstandar i nærleiken. Ein detektor har sine klare fordelar til sitt bruk, men har òg klart sine avgrensingar. Den kan vere tung å dra på heile dagen, og  er nokså treig i bruk. Den vil fungere best på jernmeteorittar, men dei beste modellane har òg høg nok sensitivitet til å registrere kondrittar med låg jerninnhald (td. LL-kondrittar). I områder der ein forventar å finne meteoritten på overflata, td. ved ferske fall, vil ofte søk ved hjelp av augene og magnetstang vere meir effektivt. Dette gjeld spesielt dersom kontrasten er stor. Metalldetektor er dog eit god hjelpemiddel når ein er ute etter eldre fall der fragment gjerne er dekka av lausmasser og vegetasjon. Dei billigaste modellane kostar normalt frå underkant av tusenlappen og oppover.

Enkel og rimeleg metalldetektor som lett kan brukast av barn og unge.

Bounty Hunter Tracker IV – enkel og rimeleg metalldetektor som lett kan brukast av barn og unge.

Ein av dei betre modellane til søk etter meteorittar er Fisher Gold Bug 2. Dette er ein eldre modell for leiting etter gull (faktisk lansert i 1995), men den er framleis suveren når det gjeld sensitivitet. Dette skuldast mellom anna at den opererer med ein langt høgare frekvens enn dei fleste andre detektorar. Sjølv metallfattige steinmeteorittar gjev utslag på denne. Om ein ynskjer større søkedjubde, kan ein montere på ein større spole (td. 14 tommar). Dette gjev betre rekkevidde, men litt dårlegare nøyaktiget for plassering (pinpointing). Dei dyrare modellane har elektronikk som kan monterast i beltet, slik at vekta på sjølve søkearma vert litt lettare.

Den legendariske Fisher Gold Bug 2

Den legendariske Fisher Gold Bug 2

Eg har to søkehovud på min Gold Bug 2, ein på 6.5 tommar og eit større på 14 tommar. Den minste er suveren når det gjeld å registrere sjølv dei minste meteorittane av type LL (lavt jerninhald). Storleiken gjer òg søkehovudet presist til pinpointing. Det større 14 toms søkehovudet er ikkje så sensitiv på LL-kondrittane, men H-kondrittar gjev tydeleg utslag. På jernmeteorittar er derimot sensitiviteten veldig bra, og på grunn av storleiken på spolen vil den registrere desse meteorittane på mykje større djupde. Med andre ord; dei ulike søkehovuda har ulike fordelar, alt etter kva type bruk ein skal nytte dei til. Gold Bug 2 er ingen spesielt god detektor for «normalt» bruk, den er i utgangspunktet designa spesifikt for gullprospektering. Innstillingane er enkle, men den krev litt opplæring og øving i bruk. Elektronikkboksen kan koblast frå og hengast i beltet eller rundt halsen dersom du ynskjer eit lettare oppsett for bruk over lang tid. Om du er ute etter ein detektor for myntar, smykker og ølkorkar, så finst det mykje betre alternativ. Til meteorittar derimot er Fisher Gold Bug 2 ein av dei beste i si klasse. Mine detektorar er kjøpt hjå Eskeland Electronics.

6.5" og 14" søkehovud

6.5″ og 14″ søkehovud

Ein annan type metalldetektor er modellar av typen pulsinduksjon. Dei fungerer på ein annan måte, og har ein fordel ved at ein nokså lett kan bygge sin eigen spole. Til slike modellar er spolar på 1-2 meters diameter ikkje uvanleg. Fordelen er ekstrem rekkevidde nedover i bakken. Ulempen er manglande nøyaktighet og høg pris. Dessutan fungerer denne typen i praksis kun på meteorittar med høgt jerninnhald; jernmeteorittar, mesosiderittar og pallasittar.

Testing av sensitivitet, her med ein Agoudal jernmeteoritt.

Testing av sensitivitet, her med ein Agoudal jernmeteoritt.

Legg igjen en kommentar