Meteorittar – frå rom til jord

Utstyr

Kva utstyr treng ein for å finne meteorittar? I prinsippet absolutt ingenting.
Dei fleste meteorittane som er funne i Noreg er funne av personar som i utgangspunktet ikkje har vore på aktiv leiting etter desse sjeldne gjenstandane. Derimot har dei mellom anna funne meteorittane når dei har vore på tur i fjellet, og har merka seg ein stein som har skilt seg ut frå andre omkringliggande steinar. Nokre har vore så heldig at dei har opplevd meteorittfall, der dei sjølv fysisk har sett (og gjerne merka) at objektet har ramla ned. Berre her i landet har vi eit par eksempel på dette, der folk har vore nær ved å bli trufne av slike sjeldne steinar.

Men om ein no vil leite aktivt, så finnast det nokre hjelpemiddel som kan auke sjansen for eit funn. For det første; augene. Dei aller fleste meteorittane vert funne visuelt. Deretter kan ei magnetstang vere nyttig. Dette er ei stang med ein kraftig magnet festa i enden. Med denne kan du raskt teste interessante steinar på bakken, uten å måtte bøye deg ned. Metalldetektoren er òg eit bra hjelpemiddel, men her bør ein kanskje vite litt kva ein ser etter. Detektoren kan utstyrast med ulike storleikar på søkehovud, og med ulike innstillingar alt etter type meteoritt. Leitar ein til dømes i  eit tidlegare funnområde, så kan detektoren vere eit bra val. Dette fordi meteorittar som har lagt på bakken ei stund etterkvart vil bli meir «terrestrisk» og såleis miste nokre av sine visuelle særeigenskapar. Ein detektor røpar raskt om steinen innheld jern eller ikkje. Dersom ein mistenker at meteorittane kan ligge begrava under bakkenivå, eller ein leiter i vanskeleg terreng med vegetasjon, så kan detektoren sjå det som augene ikkje ser. Metalldetektor fungerer best på jernmeteorittar, men gode modellar fungerer òg med steinmeteorittar med høgt jerninnhald.

Legg igjen en kommentar