Meteorittar – frå rom til jord

Meteorwrong

Meteorwrong er gjenstandar ein finn som ikkje viser seg å vere meteoritt likevel («meteoright» vs «meteorwrong»). Tradisjonelt sett er det ofte søppel som bruskorkar, spiker, naglar og anna metallisk materiale. Men ein kan òg finne meir interessante ting, som til dømes gamle prosjektil frå våpen, myntar og smykker. Det kan vere lurt å merke seg enkelte av desse, då dei kanskje kan brukast vidare i leitinga. Til dømes som stratigrafiske markørar (ein gjenstand som fortel noko om alderen på jordlaget den ligg i).

 

.50 kal prosjektil

.50 kal prosjektil

Prosjektil truleg frå 2.verdenskrig, funnen i nærleiken av kjent område for luftkampar på Strynefjellet. Prosjektilet er truleg i kaliber .50, mykje brukt ammunisjon på mitraljøser.

Saks

Saks

Ei vakker saks, funnen under uttesting av detektor.

Jernnaglar.

Jernnaglar.

Naglar/spiker funnen under leiting på Strynefjellet. Den framste naglen ser ut til å vere handsmidd.