Meteorittar – frå rom til jord

Feltutstyr

Ei rekke hjelpemiddel kan vere gode å ha når ein dreg ut på leiting. Ikkje alt er naudsynt til kva tid, og ikkje alt treng å vere med i sekken. Dette er vurderingar ein må gjere for kvar enkelt tur. Sortert etter viktighetsgrad, med dei viktigaste hjelpemidla øverst.

Ein venn/medfølgar
Det kan fort bli lange dagar, i vanskeleg terreeng. Då er det greit å vere fleire. Både for det sosiale, tryggleik og for å få avsøkt område kjappare. Walkie-talkie er eit godt hjelpemiddel for kommunikasjon når ein er to.

Kart
Eit godt kart er eit bra hjelpemiddel. Ikkje berre for å navigering og tryggleik, men òg for å lese og forstå terrenget. Skriv gjerne ut ein del av kartet på eige ark, som du kan teikne markeringar og skisser i (til døme skravere områder du har leita i).

Kompass
Sammen med kart bør du òg ha med eit kompass, gjerne av type klinometerkompass som òg måler vinklar. Dette kan brukast til triangulering og krysspeiling for å finne lokalitetar.

Magnetstang/magnet
Ein neodymmagnet festa på ei stang er eit godt hjelpemiddel under visuelt søk. Då kan ein raskt teste ut steinar på bakken utan å måtte bøye seg ned. Stanga er òg grei som vandrestav. Ein sterk magnet kan òg festast på geologihammaren/hakka når ein grev i bakken etter må objekt. Då vil ein ofte høyre når objektet «klikkar» seg fast. Rustne spiker og gamle naglar er ofte vanskelege å sjå visuelt i bakken.

Notisblokk/skrivesaker
Sjølv om hukommelsen er ok, er det lett å gløyme dei små og viktige detaljane. Skriv ned tankar og erfaringar umiddelbart. Sørg for å ha med ein vassfast sprittusj for å merke lynposane med.

Lupe
Ei handlupe med omlag 10-15x forstørring er praktisk når ein skal studere smelteskorpe, strukturar, mineralkorn eller jernkorn i felt.

Lynposar
Små plastposar med zip-lock for å oppbevare både meteorites og meteorwrongs. Det hender at du finn objekt som er interessante, og som kan ha betydning for seinare tolkning og leiting.

Aluminiumsfolie
Dersom du leitar i områder med ferske fall, er det lurt å pakke eventuelle funn inn i aluminiumsfolie. Dette beskyttar ferske meteorittar frå fettsyrer frå hendene.

GPS
Dette er eit godt og viktig hjelpemiddel for å fastsette mest mogleg nøyaktig funnstad. I etterkant kan desse koordinatane vere til stor hjelp for å fastsette eit ev. nedfallsfelt. Ein kan òg bruke det til navigering, men ikkje stol 100% på GPS-en. Kart og kompass utgjer ein ekstra tryggleik.

Hakke/geologihammar
Ein geologi/murarhammar er fint til å grave i bakken med.

Kamera
Alle funn, både av meteorittar og andre gjenstandar, bør dokumenterast med bilete før ein rører ved dei. Legg gjerne ned ein fysisk målestokk, samt eit kompass eller skalakube som indikerer orienteringa på objektet.

Metalldetektor
I vanskeleg oversiktleg terreng, samt når ein veit at ein leitar etter jernmeteorittar eller steinmeteorittar med høgt jerninnhald, så er metalldetektoren fin. Ein må òg bruke ein slik for å finne meteorittar som ligg under terrengoverflata. Men avsøk med detektor er meir tidkrevande enn med magnetstang/visuell metode, så her bør ein vurdere i kvart tilfelle kva som er mest praktisk.

Kikkert
Ein liten og lett handkikkert er fin for å undersøke områder på lang avstand. Generelt ok å ha med ut på tur uansett.

Skalakube
Dette er ein standarisert terning på nøyaktig 1 kvadratcentimenter (1 x 1 x 1cm), med innteikna kompassretningar. Fin for å vise storleiken på fotografi, samt i kva himmelretning objekta ligg orientert.

Silicagel
Ein liten pose med silicagel er fin til å fjerne fuktighet, både frå meteorittar og ev. elektronisk utstyr.

Vekt
Ei lita elektronisk gramvekt kan vere kjekk å ha med, spesielt besøk på nedfallsfelt. Då kan ein notere både koordinatar og vekt på lynposane.
(Denne informasjonen bør òg noterast på i eiga loggbok/ark).

Ellers bør ein ha med dette generelle turutstyret i sekken (eller lett tilgjengeleg):
- mat
- drikke/kopp
- Fjellduken
- førstehjelpssaker
- ekstra kle
- lommelykt
- kommunikasjonsmiddel (telefon, radiosendar)