Meteorittar – frå rom til jord

Wolf Creek

Wolf Creek

Klassifisering: Jern, IIIAB
Funn: 1947
Land/lokalitet: Australia
Totalmasse: over 760 kilo
Vekt på mitt eksemplar: 146,8 gram (individual). 

Meteoritical Bulletin Database

Wolf Creek Crater ligg i Kimberley-regionen i den vestre delen av Australia, i utkanten av Great Sandy Desert omlag 30 km sør for landsbyen Halls Creek.  Krateret er lett synleg som kontrast mot det flate og monotome området rundt. Med sin diameter på 853 meter, er krateret eit av dei største bevarte kratera på jorda av denne typen. Forma er nesten totalt sirkulær, og botnen ligg 46 meter djupare nede enn overflata i området. Veggane på krateret er framleis veldefinerete og komplette.

Wolf Creek meteorittkrater

Wolf Creek meteorittkrater

For mellom ein og to millionar år sidan traff ein enorm meteoritt overflata. Objektet kom nesten rett ned frå nord-aust, og detonerte med krafta til ei atombombe. Store jernfragment vart oppdaga i åra etter at krateret vart oppdaga. Nokre fragment vog over 150 kilo. Den totale massa er enno ikkje kjend. Krateret vart først oppdaga via flyfotografering i 1947.