Meteorittar – frå rom til jord

Ash Creek

Ash Creek

Klassifisering: Kondritt, L6, S3, W0 (breksje)
Fall: 15.februar 2009
Land/lokalitet: Texas, USA
Totalmasse: ca 9,5 kg
Vekt på mitt eksemplar: 1,8 gram (skive/fragment)

Meteoritical Bulletin Database

 Kl 11 lokal tid på formiddagen 15.februar 2009 var ei kraftig eldkule synleg i fleire sekund. Hendinga var filma av eit nyhetsteam frå CNN omlag 160km unna. Ei mengde med små meteorittar hagla ned over West i Texas. Meteorittane vart stort sett små (under 100 gram), med ei flott, svart smelteskorpe. Mange av meteorittane vart plukka opp nokså raskt, og har såleis ei fantastisk fersk smelteskorpe med blåaktig glans (ofte kjennteikna av ferske kondrittar som ikkje har vorte eksponert for fuktighet). Denne meteoritten var funnen under ei veke etter fallet i 2009. Fragmentet har ei fersk smelteskorpe, ei naturleg broten side og ei kutta side.