Meteorittar – frå rom til jord

Whitecourt

Whitecourt

Klassifisering: Jern, IIIAB, medium octahedrite
Funn: 3.juni  2007
Land/lokalitet: Canada
Totalmasse: >
5 kg
Vekt på mitt eksemplar: 15,5 gram (individual)

Meteoritical Bulletin Database

Whitecourt er eit meteorittkrater i Alberta, Canada, omlag 10km sør for byen Whitecourt. Krateret vart funne 3.juli 2007 av Sonny Stevens. Han jakta i området, og la merke til det lille krateret i skogen. Seinare leita han med metalldetektor langs kraterkanten, og fant dei første fragmenta av meteorittane.

Krateret er omlag 36 meter i diameter og 9 meter djupt. Basert på datering ved hjelp av askelag, er alderen rekna til ca 1080 til 113o år sidan.

Meir enn 3000 fragment er funne fram til no. Dei fleste er meteorittsplintar, med vekt frå eit par gram og opp mot 500 gram. Fragmenta har skarpe, opprevne kantar, men har ingen teikn til smelting etter nedslaget. Eit lite antal med individuelle meteorittar er òg funne, men den største på omlag 31 kg. Dei fleste fragmenta er funne i området aust for krateret.

Krateret er i dag freda, og leiting er forbudt. Eksport av meteorittar frå Canada krev eksporttillatelse.