Meteorittar – frå rom til jord

Popigai (Tynnslip)

Popigai

Popigai

Impaktitt (kanskje med diamant?) frå Sibir, Russland.

Popigai

Popigai

Meteoritical Bulletin Database

Popigai er eit 35 millionar år gamalt nedslagskrater i Sibir, Russland. Det er det fjerde største krateret vi finn på jorda, med ein diameter på omlag 100 km. Ein har rekne på at lekamen som traff jorda her hadde ein diameter på mellom 5 og 8 km (alt etter kva type asteroide ein snakkar om).  Trykket var sterkt nok til å omvandle grafitten i berggrunnen om til diamantar i ein radius på 14 km frå nedslagspunktet. Storleiken på diamantane ligg som oftast mellom 0.5 og 2 mm. Det artige med desse diamantane er at dei framleis har forma til grafittkorna (kisteforma krystallar). Området innheld store mengder med diamantar, men ikkje av smykkesteinskvalitet. Derimot har diamantane god verdi til industrielle føremål.