Meteorittar – frå rom til jord

Leiting

Å leite etter gamle meteorittar i Noreg er vanskelegare enn å vinne i lotto. Eit ungt landskap, slipt ned av kontinuerlege istider, gjer at det er få områder med akkumulasjon over lengre tid slik ein ofte har det i ørkenstrøk. Dette gjer sitt til at vilkårleg leiting etter meteorittar nesten er dømt til å feilast. Likevel så vert det til tider funne meteorittar her til lands òg. Så det gjeld å ha augene med seg når ein er ute i naturen; ein veit aldri kva ein kan finne.

Med magnetstang på tur
Likevel, den som ikkje leitar kan heller ikkje forvente å finne noko. Det er uansett fint å kome seg ut i naturen, og meteorittleiting er ein fin aktivitet for heile familien. Metalldetektor kan vere lurt dersom ein leitar etter metorittar med høgt innhald av nikkeljarn. Elles vil ofte ei søkestang (stang med neodymmagnet i enden) vere meir hendig og lettare å få med seg. Ei slik stang kan ein òg bruke som generell vandrestav på tur. Då er magneten alltid klar, dersom du vil undersøke ein stein uten å måtte bøye deg ned. Eg har laga mine eigne søkestenger ved å bruke bambusstenger med pålimt magnet. Om du har ungar, sørg for at alle får sin stav! Då slepp du krangling, og det vert enklare å få dei med seg vidare på turen! Berre pass på at magneten ikkje kjem i kontakt med dyr elektronikk. Det elektriske feltet er kraftig nok til å øydelegge elektronikken, og slette data frå lagringsmedium.

For meir informasjon om hjelpemiddel under leiting etter meteorittar, sjå utstyrssidene i menyen.

Legg igjen en kommentar