Meteorittar – frå rom til jord

Millbillillie

Millbillillie

Klassifisering: Akondritt, eucrite, monomict breksje
Fall: Oktober 1960
Land/lokalitet: Australia, Wiluna District
Totalmasse: 330 kg
Vekt på mitt eksemplar: 1,13 gram

Meteoritical Bulletin Database

Dette er ein eukritt, ein type akondrittisk steinmeteoritt som fall i 1960. Dei første eksemplara vart ikkje funne før i 1970, heile ti år seinare. Den største vog omlag 20 kg, og omlag 330 kg materiale er samla opp. Meteoritten er kjenneteikna med ei flott, glinsande smelteskorpe (typisk for eukrittar), ofte med flotte flytelinjer. Mange av eksemplara har ein karakteristisk raudfarge, teikn for forvitring etter mange år ute i naturen. Innsida er nokså lys, og består av ein monomict breksje. Ein trur av eukrittane kjem frå den kjente asteroiden 4 Vesta.